Heilskapleg utvikling med brei og sterk forankring i lokalsamfunnet har vore med på å bremse opp fråflyttingstendensen. Kommunen har gjennom fleire år har hatt eit utviklingsfokus blant dei tilsette i administrasjonen. Den sentrale eldsjela er Ragnvald Storvoll som har jobba i og for kommunen i mange år. Distriktssenteret meiner at mange kan ha noko å lære av Dyrøy og har fått laga denne filmen.
Kommunen har sidan 1997 vore deltakar i forskjellige nasjonale småsamfunnssatsingar og program til KRD. Først i Utkantsatsinga, seinare med støtte til etablering av Dyrøyseminarsenteret i 2006 og 2007, og no som prosjekt under Småsamfunnssatsinga. Dyrøy kommune og Dyrøyseminaret blir av nasjonale og regionale myndigheiter ofte trekt fram som viktig motor og arena for formidling og nettverksbygging innanfor småsamfunnsutvikling, lokalt, regionalt og nasjonalt. Årleg arrangerer senteret Dyrøyseminaret, ein anerkjend møteplass for alle som er opptekne av distrikts- og småsamfunnsutvikling. Med Dyrøyseminarsenteret har Dyrøy kommune etablert ein plattform og eit kunnskapssenter for utviklingsarbeid i Dyrøy kommune og i småsamfunn i distrikta generelt.
Eit kjenneteikn ved Dyrøysamfunnet og eit stikkord for sjølve Dyrøyseminarsenteret er heilskapleg utvikling med brei mobilisering i botn. Hovudaktiviteten og prosjekta som spring ut av læringssenteret har brei og sterk forankring i lokalsamfunnet og for å få realisert arbeidet er ein avhengig av både lokalsamfunnet og næringslivet. Dyrøyseminaret er eitt døme, Fårikålfestival eit anna. Dyrøyseminarsenteret er drivar av arbeidet, men sjølve gjennomføringa er i stor grad basert på frivillig heit og godt samarbeid med næringslivet.
Kommunen blir trekt fram som ”beste praksis” på kommunar som lukkast med heilskapleg lokalsamfunnsutvikling i brei partnarskap med lokalsamfunnet og med næringslivet lokalt og regionalt. Mobilsering og deltaking blir trekt fram som svært viktig – å skape engasjement hjå folk flest.