kom-an.no er på lufta og søknaden om deltaking i KRD si satsing på lokal samfunnsutvikling i kommunane, snart klar. Og tilbakemeldingane frå entreprenørar og prosjektleiarar på konferansen i går var gode: "Vi har stor nytte av deltakinga i LivOGlyst og samarbeidet i Kommuneprogrammet. Kompetansen og nettverka vi får tilgang til er gull verdt", sa prosjektleiar i Samnanger kommune,Tone Tysseland Holmefjord.
" Vi skal bli best på lokal vekstraft!", sa Jan Per Styve, regionaldirektør i Hordaland fylkeskommune, på LivOGlyst-konferansen i Bergen i går.
Og entreprenørskap og lokal samfunnsutvikling er viktige satsingsområde i Hordaland. Det har kommunar og lokalsamfunn erfart dei siste åra, gjennom kompetanse- og utviklingsprogramma "LivOglyst" og "Kommuneprogrammet". Bak står eit sterkt lag med Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og fylkesmannen si landbruksavdeling.
No varslar den aktive partnarskapen enno sterkare satsing på kommunar og lokalsamfunn: Den flunkande nye møtestaden
Den nye nettsatsinga kan bli nok eit nyttig verktøy for nyetablerar og samfunnsentreprenørar i Hordaland. Her finst informasjon og forum for alle som treng informasjon og støtte til å starte opp eiga verksemd eller lokale utviklingstiltak.
Innovasjon Noreg, landbruksavdelinga hjå fylkesmannen og fylkeskommunen står ansvarleg for innhaldet, men også kommunar og lokale prosjekt kan få "sine sider" i portalen. Desse, og foruma som høyrer til, styrer kommunane og prosjekta sjølve. "Vi har store ambisjonar, men det er de som avgjer om dette blir eit godt verktøy i arbeidet", sa landbruksdirektør Ole Bakkebø til programdeltakarar og kommunalt tilsette i salen.
Nettstaden vender seg først og fremst mot entreprenørar og lokalsamfunn i Hordaland og vil samspele med den nasjonale møtestaden distriktssenteret.no. No sit det spente redaktørar og prosjektdeltakarar klare til å høyre kva brukarane sjølve seier. Ta ein kik du også: Kom-an og ta sats - i eller utanfor Hordaland!