a | a | a
OmdømmeMedvirkningNyskapingOmstillingStedsutviklingTilflytting
Du er her : Startside  »  Gode eksempel  »  Artikkel
Legg til:     

Vegårshei: Levande og inkluderande - også for flyktningar
Isabella Hovannesian er ein av fleire flyktningar i Vegårshei som har skapt sin eigen heim for seg og dei to barna; Ani og Telman. Foto: Kjetil Torp

Vegårshei: Levande og inkluderande - også for flyktningar

Oddrun Midtbø (29.01.2010)

I mange år opplevde Vegårshei det same som så mange andre småkommunar rundt om i landet; flyktningane vart ikkje verande i det vesle samfunnet. Dette er no snudd på hovudet. Kva grep har kommunen teke?

 - Vegårshei har busett flyktningar i 20 år, men dei første 10 åra var sekundærflytting eit stort problem, fortel einingsleiar for flyktningtenester, Kjetil Torp.

 Ny strategi snudde trend
I 2000 valde kommunen ein ny strategi for å få flyktningar til å etablere seg. - Vi satsa på bustad og arbeid, i tillegg til tilsetjing av flyktningkonsulent i full stilling. Dette gir resultat. 70 av 95 flyktningar har blitt ein integrert del av dei 1880 innbyggjarane i kommunen.

"Vegårshei-modellen"
- Aktiv satsing for at flyktningar skal eige sin eigen bustad, samt kvalifisering for arbeid og at dei skal bli økonomisk uavhengige, har ført til at det er lite flytting ut av kommunen, fortel Torp og syner til godt samarbeid mellom kommunen, IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) og Husbanken i det som blir kalla "Vegårshei-modellen".

Bustad og arbeid betyr alt
- Modellen blir brukt som eksempel på vellukka integrering. Det er etablert eit eige prosjekt som har som føremål å formidle dei gode erfaringar vi har, til andre kommunar, seier Torp.
"Vegårshei-modellen" har fokus på potensialet flyktningar har som bustadeigarar, og bruker bustad aktivt i høve integrering. 75 prosent av flyktninghusstandane eig i dag sin eigen bustad. - Satsing på bustad og arbeid har betydd ALT i Vegårshei!
 
Frå kritisk debatt til velvilje
- Flyktningar får etableringstilskot og nokre få økonomiske ekstragode i høve til ordinære Vegårsheiingar, men ikkje noko som gir store utslag – korkje i lommeboka eller i høve til misunningsfaktoren, seier Torp. Han innrømmer likevel at det har vore ein del debatt om og reaksjonar på at flyktningar som byggjer får lån og tilskot frå Husbanken. Dette resulterte i avisoppslag, men har no roa seg kraftig. Ikkje minst fordi det følgjer klausular om butid og eventuelt tilbakebetaling av tilskot, dersom ein flytter før det har gått 20 år.

Flyktningar inn i kommunestyret
- Den jamne Vegårsheiing har no eit positivt forhold til både flyktningar og andre utlendingar.  Hovudårsaka er deira store vilje til integrering og ønskje om å klare seg sjølv og bidra lokalt, seier han og syner til at to av dei fire flyktningane som stod på listene ved det siste kommunevalet, vart valde inn. Dermed kan kommunen skryte av at 10 prosent av representantane har flyktningbakgrunn.

- og elles i lokalsamfunnet
Torp legg ikkje skjul på at utlendingar kanskje ikkje er like organisasjonsglade som nordmenn, men dei er med både som leiarar og deltakarar, og ungane er godt representerte i frivillige aktivitetar. I arbeidslivet finn ein utlendingar både i privat og kommunal sektor, primært i dei praktiske eller tenesteytande yrka. – Vi har relativt få høgt utdanna, og det samsvarar jo godt med tilbodet ein liten distriktskommune kan gi av arbeidsplassar. Mange av flyktningane og utlendingane har gründerånden i seg. Dei kjem med nye idear og impulsar; noko som er av stor verdi for småkommunar som Vegårshei.

Vidopen for fleire flyktningar
- Kommunen har vedtak om busetjing av 30 nye flyktningar i perioden 2009 – 2011, seier han og legg til at trongbudde mellomeuropearar kjem av seg sjølv. Der driv kommunen liten grad av aktiv rekruttering, men informasjon på ulike språk på heimesida signaliserer at dette er ein kommune som er vidopen for nye innbyggjarar med ulike kulturar.

  Kommentarar

Ingen kommentarar.
     
Ditt navn
Tittel
Kommentar
Legg inn koden

Tilbake

Meir informasjon

Kontaktperson for "Enhet for flyktningtjenester": 
Enhetsleder Kjetil Torp, Vegårshei kommune. Telefon: 37 17 02 32
Epost: kjetil.torp@vegarshei.kommune.no

Besøk Vegårshei kommune på nett

Les meir om "Vegårsheimodellen" 

Finn meir info på heimesidene til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Distriktssenteret - Ogndalsveien 2 - 7713 Steinkjer  |  Tlf: 48 16 82 80  |  E-post: post@kdu.no  |  Admin